UTSJÅNAD

Ei vaksen krypsoleieplante er 15-30 cm høg og har ei kraftig trevlerot. Den greina stengelen er opprett mot toppen. Blada, stenglane og blomstrane er håra. Blada er treflika med midtfliken på lang stilk. Flikane er vidare delt i tre tanna avsnitt. Krypsoleie har blad ved grunnen og dei nedre stengelblada er stilka. Blomstrane er gule og på 2-3 cm i diameter. Blomsterstanden liknar på ein kvast. Kan forvekslast med engsoleie, som ikkje har stilka midtflik i blada eller krypande stenglar. Krypsoleie har litt større blomstrar enn engsoleia.

LEVEVIS

Fleirårig plante som føretrekkjer næringsrik, fuktig, leirhaldig jord. Veks på dei fleste jordartar både på dyrka og udyrka mark i heile landet, også som ugras i hagar. Planta formeirar seg med frø, men også med krypande jordstenglar (vegetativ formeiring) som veks langs bakken, slår røter og dannar ny vekst ved sidan av morplanta. Etter blomstring i mai- august produserer krypsoleie rundt 140 frø per blomsterberande stengel, og maksimal spiredjupne er 4 cm.

FÔRVERDI

Krypsoleie gjev lite og vassrik avling. Planta er ikkje giftig, men kan i større mengder gje raudleg farge og usmak på mjølk og er difor ikkje ynskjeleg i eng og beite i særleg omfang.

TILTAK MOT KRYPSOLEIE

Det er mest effektivt å kombinere fleire tiltak for å kontrollere krypsoleiebestanden. Unngå jordpakking og køyreskadar og legg vekt på systematisk grøfting. Krypsoleie klarar seg betre enn mange av kulturgrasa på fuktig og pakka jord. Planta kan fort etablere seg i trakkskadar etter beitande dyr. Slå kantane for å hindre frøspreiing! God pløying og jordarbeiding legg grunnlaget for eit godt såbed. Grunn såing (1–2 cm djupne) gjev god spiring av kulturgraset med ei høg konkurranseevne. Bruk av dekkvekst i attlegget kan gje mindre rom for krypsoleie til å etablere seg. Vekstskifte vil svekke bestanden, og radkultur med god ugraskontroll er eit anna alternativ.

Krypsoleie
Krypsoleie blomst

Kjelder