Hengevekter

Ei hengevekt er ei enkel, fleksibel og billeg løysing. Det finst ei rekke ulike hengevekter, både med analog og digital avlesing til under 5000 kr. Ei hengevekt som skal brukast til rundballeveging bør har kapasitet til å vege 1500 kg (dei største rundballane veg opp mot 1400 kg) og ei avlesingsnøyaktigheit på 20 kg eller mindre. Velg dessutan ei vekt som byggjer lite i høgda og som har både romsleg «hempe» og karabinkrok slik at det er plass nok til stroppene. Du må ha stropper eller band, både til å henge vekta i og til å løfte rundballane med. Bruk gjerne to lange, kraftige stropper (med løkke i enden) til å løfte rundballen med, og eit kortare til å henge vekta i.

Veging av rundballer
Rundballeveging med stropper og hengevekt. Foto: Astrid Johansen

Palle- og plattformvekter

Pallevekter er anvendelege også til ei rekke andre føremål enn til rundballer. Ei pallevekt forenklar og effektiviserer arbeidsprosessen i høve til hengevekt og stropper, og kan opererast av ein person. Dei fleste palle-og plattformvekter leverast med elektronisk avlesing, lagring og overføringsmulegheit. Om dei også er å få med fjernkontroll, slik at ein slepp å ut av traktoren for å få lagra vekta av rundballen, er usikkert. Ulempen med palle- og plattformvekter er at dei er meir eller mindre stasjonære og fortrinnsvis bør stå og brukast innandørs. Til gjengjeld treng ein ikkje å kjøpe (og halde styr på) stroppene. Kravet til kapasitet og nøyaktigheit er det same som for hengevekter. Dei fleste pallevekter har kapasitet til 3 tonn eller meir. Med tre eller fire samankopla plattformvekter påmontert påkøyringasrampe kan einregistrere lassvekter. Rettleiande pris for pallevekt: 14000 kr.

Bilde3
Palle – plattformvekter.

Fastmonterte, heil og halvautomatiserte system

For den som rutinemessig ønskjer å vege rundballar (eller andre typar løft), vil eit fastmontert system som gjer at lasta bli vege under naturleg løft være å føretrekkje. Q-companion frå Ålö/Quicke er eitt slikt system. Det er muleg å lagre opptil 30 ulike reiskap i systemet, og ein kan fritt kan velje om ein vil lagre vektene manuelt eller la det bli handtert automatisk av systemet. Systemet (vegefunksjon og display) skal både være lett å montere og bruke. Det kan brukast også på eldre modellar av frontlastarar (2005-). Med Bluetooth®-teknikk kan vegeresultatet eksporterast frå systemet sitt display til ei teneste du opner ved hjelp av ein app på PC, nettbrett eller smarttelefon. Rettleiande pris: 18 000 kr.

Bilde4 vekt
Q-companion frå Ålö/Quicke. Kjelde: www.felleskjøpet.no

NLR Trøndelag hjelper deg

Vi har både stropper og manuelle vekter. Dei er ikkje til utlån, men om du tar kontakt, kjem din nærmaste rådgivar på besøk og hjelper deg med både veging og notering. På våre medlemssider finn du også eit enkelt rekneark der du kan legge inn talet på ballar, vekter og resultat frå fôranalyser (TS, FEm) og slik få berekna avling på skiftenivå. Vi har også rådgjevarar med kompetanse til å gi meir detaljerte råd om koss registreringssystem som høver best til ditt behov, din traktor og reiskapspark.

Til slutt skal ein heller ikkje gløyme at ein del rundballepresser (t.d. Orkel HiQ) er utrusta med registreringssystem som gjer det muleg å få ut både talet på ballar, vekta på kvar enkelt ball, forbruk av ensileringsmiddel og plast. I fôrmiksarar er det også vekt, og om du sjølv ikkje har ein slik, kan du kanskje bytte nokre rundballar med naboen som har, for slik å få vekta på ballane. Å gjennomføre avlingsregistreringar blir m.a.o. stadig enklare, spesielt for dei som produserer rundball.