Midt i Omvikdalen i Sunnhordland driv samdrifta Revuro, med kombinert mjølke- og kjøtproduksjon. Til saman haustar verksemda kring 415 daa grasareal. Tidlegare vart avlinga konservert og lagra i rundballar. Høge variable haustekostnadar var grunnen til at gardbrukarane gjekk over til plansilo i kombinasjon med litt rundballepressing.

Rimeleg og funksjonelt anlegg

Plansiloanlegget rommar to langsgåande løp, med innkøyring i den eine enden og tverrvegg i andre. Solen på kvart av løpa måler 40 x 8,4 meter. Veggane er stabla saman av betongklossar som er laga av overskotsbetong frå det lokale blandeverket. Første kloss er halvvegs nedstøypt, og dannar eit trygt fundament. Dei vidare sjikta er stabla med omlegg. Klossane har solemønster med djupe knastar. Dette gjev solid og sikker stabling i høgda, utan anna forankring enn tyngdekrafta. Sidan klossane ikkje er heilt jamne, er sidene dekka med ein tjukk duk som bidreg til finpussing av murveggen. Til saman utgjer konstruksjonen ein stødig vegg som ragar 230 cm over botnen. Dette gjev soleis eit samla bruttovolum på drygt 1 500 m3.

Sjølve solen består av glasfiberarmert betong med 1 cm fall per meter i lengderetninga. I den opne enden av siloen er det felt ned ei renne for oppsamling av pressaft. Renna fangar opp all væske frå dei to siloane, og endar i ein samlekum. Når det kjem pressaft i kummen vert denne pumpa over i eit gjødsellager. Når det berre er regnvatn som kjem i renna, vert vatnet leia bort frå anlegget.

Anlegget er bygd av samdrifta sjølv. Dei faktiske kroneutlegga for heile anlegget var kring 600 000 kroner, eller 400 kroner per m3 brutto volum. Inga dårleg start for ei lønsam drift!

Lego i betong
Plansiloane er bygt av store «legoklossar» i betong. Foto: NLR

Tidleg hausting

Graset vert hausta på eit tidleg utviklingsstadium for å sikra god fôrkvalitet og høg yting. Det vert teke fôranalysar av alle slåttar. Middel tørrstoffinnhaldet dei to siste åra er 36 %.

Ei samansett innhausting

Samdrifta har frå før ei komplett line for slått, spreiing og samanraking. Ei anna samdrift i bygda (TM Samdrift) har sjølvgåande finsnittar, tre grasvogner, hjullastar og spreieutstyr for ensileringsmiddel. Dette utstyret med mannskap vert leigd inn som ein totalpakke (Revuro køyrer sjølv to av grasvognene). Timeprisen for tenesta har vore 5 350 kr per time.

Den sjølvgåande finsnittaren tilpassar køyrefarten etter grasmengda, og kan kome opp i heile 15 km/t på andreslåtten. Med denne kapasiteten er innhaustinga og pakkinga i plansiloen unnagjort på 15 intense timar fordelt to slåttar på om lag 320 dekar.

Lag på lag

I plansiloen vert graset fordelt lagvis og komprimert med hjullastar. Under heile ilegginga vert graset lagd med helling opp mot sidene. Dette sikrar god pakking langs veggane, og hindrar samstundes at maskinene streifar borti plastduken. På toppen vert graset lagd med helling mot midten.

Mellom sjikta vert det sprøytt på ensileringsmiddel. Samdrifta har i mange år nytta biologisk ensileringsmiddel i rundballane. I plansiloen nyttar dei det biologiske preparatet Advance +.

Låg haustekostnad

Til saman vert det lagra kring 300 000 FEm i dei to plansiloane. Rundt rekna gjev dette ei netto hausta avling på 940 FEm per daa på to av tre slåttar. Samla innleigd haustekostnad ligg på kring 80 000 kroner. Eigeninnsats med slått, raking og delvis innkøyring kjem utanom. Det er vanskeleg å setja ein konkret kostnad på denne delen av grashaustinga. Basert på eit timeanslag er det rimeleg å anta at den totale kostnaden ligg i storleiksorden 150-180 000 kroner per år. Fôret i plansiloane har dermed ein haustekostnad på kring 0,55 kr per FEm.

Fôrmengda som vert lagra i plansiloane tilsvarer drygt 1 300 rundballar med 230 FEm i kvar ball. Med bruk av eiga presse og elles same timekostnad for slått og raking, vert prisen per rundball 240 kr, utan nett og plast. Pris per FEM vert då 1 kr, utan plast.

For rundballane er faste kostnadar dekka inn i kostnaden per FEm. For graset i plansilo kjem faste kostnadar i tillegg. I begge tilfella kjem ensileringsmiddel i tillegg.


Plastkostnad toppar reknestykket

Samdrifta reknar med at plastkostnad for balling av graset dei no legg i plansilo ville ha kosta kring 65 000 kroner. Til samanlikning er utgiftene til plansiloplast 12 000 per år. Når plastkostnaden vert medrekna vert prisen 0,60 kr per FEm for plansilo og 1,30 kroner per FEm for rundballar.

Lagringstap

Mange forsøk har synt eit høgare tap av tørrstoff under lagring i plansilo jamført med rundball. Eit moderat anslag er at tørrstofftapet er kring fem prosentpoeng høgare i plansilo. I tillegg kjem faren for noko meir kassert fôr. Dette inneber at samdrifta kunne ha hausta 50-100 ballar meir enn det nettoavlinga i plansiloen utgjer. Totalt sett vil plansiloen likevel koma best ut i dette høvet.

Samla sett er medlemmane i samdrifta godt nøgd med opplegget, og dei kjenner seg trygge på at dei har både praktiske og økonomiske fordelar med å gå over til plansilo.

Ballepressa finn du ikkje på «finn.no»

Sjølv om plansiloane i prinsippet kunne ha romma heile avlinga, er det likevel ynskjeleg å behalda rundballepressa. Tredjeslåtten vert nemleg balla. I tillegg vil det ofte slumpa til med teigar som ikkje vert lagde i plansiloen. Det kan til dømes dreia seg om attlegg. Slitasjen på rundballeutstyret vert marginal samanlikna med full drift. Levetida og den årlege kostnaden vert deretter. I tillegg gjev det større rom for tilpassing på fôrbrettet.

Bulk og presisjon; ein god kombinasjon

I den eine enden av grovfôrlina har samdrifta satsa på eit solid og enkelt opplegg med plansilo. I den andre enden har dei valt ei fullautomatisert utfôring; samdrifta har installert fôringssystemet «Lely Vector». I fôrsentralen vert det køyrt inn blokker frå plansilo og rundballar frå ulike slåttar og med ulik kvalitet. Ein grabb snappar i seg ein tjafs frå ulike parti og tippar det i fullfôrmiksaren, som blandar saman fôret før han banar seg veg på forbrettet fram til dei ulike avdelingane. På dette viset kan mange ulike grupper få ei optimal fôrblanding.

Medlemmane i samdrifta ser svært god nytte i fôringssystemet. Erfaringa so langt er at den ekstra ytinga som optimalisert fôring bidreg med, betalar for investeringa – og vèl so det.


Fakta om drifta