Fellefangst i kairomonfeller
I samarbeid med NIBIO vart det hengt ut feller i tre eplefelt i Buskerud og Vestfold. Tilsvarande vart gjort i andre fruktdistrikt. Fellene har ein luktmiks, kairomon, som tidlegare erfaringar har vist tiltrekkjer rognebærmøll. Fellene vart hengd opp i kanten og inne i fruktfelt, 10 feller per felt. Fellene vart sjekka for møll kvar 3.-7. dag.
Fellene vart hengt ut 6.juni, og sjekka dagen etter for å fange opp starten på innflyginga. Rognebærmøll startar innflyging 320 døgngrader etter blomstring i rogn som var ca 6.juni i 2018.
Skadeterskel
Skadeterskelen for fangst av rognebærmøll i kairomonfeller er satt til 4 møll i 10 feller i eit felt ved 556 døgngrader etter blomstring i rogn. Dette er basert på erfaringar frå fleire års utprøving, men antallet møll over 4 møll/10 feller seier lite om angrepsnivået i eit felt.
Skade i eple
Rognebærmøll var tidlegare ein frykta skadegjerar i eple. Det kan sjå ut til at dei store angrepa blir sjeldnare. Vi treng overvaking – både prognosestasjonane og bruk av kairomonfeller - for å kunne fange opp om denne trenden kjem til å fortsetje framover. Effektive plantevernmiddel er også viktige å ha tilgang på, men vi manglar eit godt kjemisk tiltak for å bekjempe kraftige angrep.
Prydeple
Prydepler blir planta inn for å sikre pollinering i eplefelt. Prydeplene er av malus-slekta, men har små frukter som ikkje er egnet til konsum. Denne sesongen vart det gjort funn av rognebærmøll-skade i prydeple.
