Prosjektet ‘Auka volum og forbrukaroppleving av norske pærer’ ble finansiert av Forskingsmidlane for Jordbruk og matindustri, Prosjekteigar var Sognefrukt SA i samarbeid med dei andre fruktpakkeria, BAMA, Gartnerhallen og Norsk Landbruksrådgiving. Måla var å finna rette pollensortar ved hjelp av DNA analysar, optimale pollineringssystem for årviss og god fruktsetjing, utvikla dyrkingssystem for god produksjonsøkonomi og finna rett haustetid og lagringsvilkår for god forbrukaroppleving. Prosjektperioden var frå 2015-2018 og Mekjell Meland, NIBIO Ullensvang var FoU ansvarleg.

Celina
Pæresorten Celina. Foto: Gaute Myren

Grunnstamme

Det er nytta Kvede Adams grunnstamme i feltet. Eit forsøk over 7 år ved NIBIO Ullensvang viser at det er lite forskjellar i veksekraft og fruktkvalitet med Kvede Adams, Kvede C eller Kvede Eline. Det var størst blomstermengd og fruktsetjing ved Kvede Adams i det forsøket.

Pollinering

Pære må ha kompatibelt S-allel for krysspollinering, samt overlappande bløming mellom pollensortane kvart år. Celina har S101 og S115 allela. Pollensorten må helst ha ulike S-allel enn hovudsorten, men kan også pollinera å gje fruktsetjing ifall dei er semikompatible, dvs har eit S-allel som er ulikt. Conference vert nytta som pollensort utanlands. Men blømingstida høver ikkje alltid like godt under norske til høve. Resultat av farskapstesting (DNA analysar) og kontrollerte kryssingar viser at sortane Anna, Fritjof, Kristina og Herzogin Elsa fungerer alle som pollensortar til Celina.

Plantevern

Det er førebels registert få utfordringar på sorten. Den er under normale forhold lite utsett for mjøldogg eller pæreskurv. Det er mogleleg den vil få større problem om ein ikkje gjennomfører anbefalte planteverntiltak. Pærebladveps er problematisk i andre land. Ei felle i to felt uthengt ved knoppskyting og tatt inn i midten av juni, viste at det ikkje var pærebladveps i disse felta. Det er registrert skade av epleviklar i pære. Det var då pærefelt inntil eple, med store utfordringar med epleviklar. Pæresugar er viktig å kjenne igjen, sidan den kan gjere stor skade om den ikkje blir bekjempa.

Tørkestress

Pærer viser lettare tørkestress enn til døme eple. Pæreblada får inntørka bladrender, mellom bladnervane og vil etter kvart ramle av trea. Den tørre og til dels varme sesongen 2018 var felt på tørkesvak jord utsatte, men også tyngre jord var det symptom på vassmangel. 'Celina' i lag med andre pæresortar fekk tidleg bladfall i felt med mangel på vatn.

Torkestress i celina
Tørkestress i juni i Celina-felt

Tilvekst pærekart

Det er målt tilveksten på 10 pærer av kvar sort fordelt på fleire tre.

Tilvekst pa paerekart Celina
Figuren viser diameter på pærekart ved tre ulike tidspunkt høsten 2018.

Haustetid

Det blir arbeida med rett haustetid for sorten. Haustetida vil variere mellom sesongane og aust/vest i Norge. Vanlege haustetidsparameter gir indikasjon på tidspunktet, men trykkfastheiten er rekna som den viktigaste. Rett haustetid er no justert til ca 6,0 kg/cm2. Denne justeringa gav tidlegare haustetid, i tillegg var sesongen 14 dager tidlegare enn fjoråret. Anbefalt haustetid i Lier var 10. september i 2017 og 25. august i 2018.

Hostetid Celina
Figuren viser snitt av 10 pærer for trykkfastheit kg/cm2 målt rett etter haustetid, 3 dager og 9 dager før høsting.
Celiina Anne Eline Naerstad
Øverst norsk Conferense, midten Anna og nederst Celina høsta i slutten av august 2018. Foto: Anne Eline Nærstad.

Avling

Dyrkar høsta hausta litt over 2000 kg på knappe 3 daa (229 tre/daa) i 2017. Det gir ca 2,9 kg/tre. I 2018 vart det hausta 3300 kg som gir 5,5 kg/tre eller knappe 1300 kg/daa tredje året etter planting.

Pæresmak

Det vart gjennomført smakstesting av 6 sortar norske og importerte pærer ved Foss gård og Gjennestad i midten av september. Conferense (Belgia), Ingeborg (Hardanger), Clara Friis (Hardanger), Celina (Hardanger), Conferense (Belgia) og Celina (Lier). Tilsaman 15 svarte. Det var små skilnader mellom sortane (rundt 6 poeng), bortsett frå Clara Frijs som fekk lågare smakspoeng (3,8 poeng).

Les hele rapporten her

Litteratur

Hjeltnes, S.H., M Wojtowicz, K. B. Røen og M Meland 2018. Rett haustetid av pæresorten Celina er viktig. Norsk Frukt og Bær 22(1): 28-30.