Dei fleste bær er rike på vitamin C og andre antioksidantar. Dei fleste bærartane er fargerike, og det har vist seg at fargestoffa i tillegg til å setje farge på tilværet, også er sunne.

Derfor er det smart å ete meir fargerike bær.

Styresmaktene har hatt ei målsetjin om at vi skal ha både større forbruk og større eigenproduksjon av frukt, bær og grønsaker her i landet. Jordbær er den dominerande arten innan norsk bærproduksjon. Noreg er også eitt av dei landa som har størst forbruk av jordbær per person, men vi ligg heller lågt i forbruk av andre frukt- og grønsakslag.

Vi har hatt ein bra norsk jordbærproduksjon. Siste åra har vi også fått lengre sesong, først og fremst gjennom tunneldyrking og seine sortar. Likevel er det ein tendens til nedgang i norsk produksjon, og ein kraftig vekst i importen av jordbær.

Varierande

Konsumomsetninga av norsk bringebær har hatt eit kraftig oppsving siste 15-20 åra, særleg pga. tunneldyrking og nye sortar. På frukt har norsk produksjon ein beskjeden del av marknaden. På grove grønsaker er det derimot ein god sjølvforsyningsgrad.

For jordbær er nok yrkesdyrkinga viktigast. For andre frukt- og bærslag utgjer dyrking i privathagar ein større andel. Dyrking av frukt, bær og grønsaker til eige bruk er ein fin hobby, det er lærerikt og stimulerer til større forbruk.

Vitamin C og anitoksidantar

Dei fleste dyr produserer vitamin C sjølve, men mennesket manglar denne evna og må få det inn gjennom maten. Det er først og fremst planter som er viktigaste kjelde til vitamin C. Særleg solbær og jordbær inneheld svært mykje av denne. Faktisk meir enn til dømes appelsin.

Nyper inneheld ekstreme mengder vitamin C, men det er ei matvare vi brukar lite av.

I mange tiår har det vore mykje snakk om og mykje forsking rundt antioksidantar. Planter er rike på antioksidantar. Særleg gjeld dette raude, gule og blå fargestoff som vi finn mykje av i bær. Også grøne blad inneheld mykje raude og gule fargestoff, men i vekstsesongen er det grøne klorofyllet heilt dominerande. Om hausten vert klorofyllet nedbrote og dei raude og gule argane kjem til syne som haustfargar. Faktisk er det sjølve fargestoffa som er antioksidantar, men det finst også andre meir eller mindre fargelause stoff i bær som er antiokisdantar f.eks. polyfenol og elagsyre.

Sannsynlegvis spelar antioksidantar ei viktig rolle både i planter og dyr. Likevel har ikkje antioksidantar i rein form gjeve nokon positiv helseeffekt når det vert brukt i form av pillar eller anna kosttilskot.

Ulikt innhald

Det har vore gjennomført mykje forsking på innhaldet av antioksidantar og andre viktige stoff i ulike matvarer. Søtrste forskjellar er det mellom artar. Nyper inneheld f.eks. ca. 100 gongar so mykje vitamin C som eple og pære. Sjølv med andre sortar eller dyrkingsmåtar vil eple aldri nærme seg jordbær eller nype i innhald av vitamin C. Eple har likevel mange eigenskapar og har ein viktig plass i eit sunt kosthald.

Jordbaer 1
Noreg er i toppen når det gjeld forbruk av jordbær og det er jordbær som er størst innan frukt- og bærdyrking. Her er norske jordbær på sitt beste og flottaste.

Forsking

Brei forsking viser fordelar med auka bruk av bær i kosthaldet. Det ser altså ut til at det ikkje er antioksidantar åleine, men kombinasjonen av mange eigenskapar hos bær som er sunt. Ein fin tillegsverknad får ein av at dei som et mykje frukt og bær, et mindre usunn mat som til dømes søtsaker.

I svenske forsøk vart kreftceller dyrka kunstig i reagensrøyr, det vart så tilsett ekstrakt frå ti ulike frukt- og bærslag. Alle desse hemma veksten av kreftcellene i større eller mindre grad. Auka konsentrasjon ga auka verknad. Mest effektive var nype, blåbær, solbær og hagetorn.

Dyreforsøk

Det er vanskeleg og tvilsamt å drive forsøk med menneske. Mus og rotter er litt enklare, dei har også kortare generasjonar og gir raskare utslag i forsøk. Forsøk med mus har mellom anna vist at mus som regelmessig får solbærsaft lever lenger enn andre mus. Forsøk har også vist at gamle rotter som fekk jordbær, blåbær eller spinat i maten til rottene førte altså til ei direkte reversering av aldringsprosessen. Dette kunne også målast som ein målbar fysiologisk effekt i lillehjerna hos rottene.

Oppbevaring

Sesongen for friske bær er kort, og bær har svært dårleg haldbarheit. Safting og sylting har lang tradisjon, og er framleis ein god metode for konservering av bær. Frysing er i våre dagar ein svært enkel og god metode for å oppbevare matvarer på. Endå nyare er frysetørking som gir eit svært haldbart produkt, men som ha eit anna bruksområde. Oppbevaringsmåten må også ta omsyn til korleis bæra skal brukast utover vinteren.

Å ta vare på dei nyttige stoffa

Bær er lite robuste produkt og all prosessering og oppbevaring vil endre eigenskapane. Oppvarming, det vil seie koking, kan redusere innhaldet av vitamin C og antioksidantar til om lag det halve, og lang koking er verre enn kort koking. Også frysing og frysetørking kan gje liknande reduksjon i mengda av desse nyttige stofa. Elles kan ein velje på sjå meir positivt på det. Sjølv etter konservering og lagring, er mesteparten av dei nyttige stoffa intakte.

Derfor er det all grunn til å oppbevare frukt, bær og grønsakar og bruke det bevisst i kosthaldet heile året.