Fôring av ammeku

28.11.2017 (Oppdatert: 29.11.2017) ,  Karin Hansen Nærland

Dette året har mange fått et fôr med låg konsentrasjon som følge av utsett haustetid. Det går godt som fôr til ammeku og kviger i innefôringsperioden før kalving, men utfordringa er å ha et fôr som passer etter kalving og til kjøtproduksjonen.

Har du vinterfôr med riktig kvalitet? Foto Jakob Jørgen Saaghus

Til ammeku og oppdrett av kviger trengs det lite av konsentrert fôr, men framfôring til slakt krev ein høgre energikonsentrasjon i totalrasjonen. Ved full fremfôring er det best å ha grovfôr med ulik fôrkvalitet.

Grovfôrkvalitet til ammekyr

Næringsbehovet til ammekyr endrar seg gjennom året slik figuren viser (tomtid, drektigheit og laktasjon). Samanlikna med ei mjølkeku, utgjer energibehovet til vedlikehald hos ei ammeku ein mykje større del av det samla behovet. Sidan dei fleste ammekyrne har kalving i mars-april, vil energibehovet i mykje av innefôringstida vere lågt. Lågt fôrbehov og stor fôropptakskapasitet betyr at ammekyrne bør fôrast med eit grovfôr som har lågare energiinnhald enn t.d. høgtlakterande haustbære kyr. Kravet til fôrkvalitet gjennom sesongen for vårbære ammekyr og sau er nokså likt. Brukar ein «mjølkefôr» etter innsett, må det streng rasjonering til for å unngå feite dyr. I tida før kalving aukar energibehovet. Dette kan løysast på fleire måtar, alt etter tilgang på grovfôr og pris på grovfôret. Det er fullt mogeleg å nytte middels til seint hausta grovfôr og kombinere det med kraftfôr, men grovfôr med moderat til godt energiinnhald vil spare kraftfôrkostnader i denne siste fasen før kalving.

Grovfôrkvalitet til slaktedyr

Produksjon av tunge kvalitetsslakt til ein lågast mogeleg kostnad er eit mål for svært mange. God tilvekst (høg fôrstyrke) kan ein oppnå med ulike fôrrasjonar, men med grovfôr med låg energiverdi betyr dette bruk av mykje kraftfôr. Krav til grovfôrkvalitet til slakteoksar skil seg lite frå mjølkeku. Ofte ynskjer ein eit grovfôr med ein energikonsentrasjon i område 0,86-0,90 FEm pr kg TS. Då kan ein få god tilvekst med moderat kraftfôrbruk. Realiteten er likevel at 55-60 prosent av energien i ein fôrrasjon til okse kjem frå kraftfôr. Dette kan forklarast med at grovfôr ofte er ein mangelfaktor, og at framfôringstida må vere kort, for å få ned det totale fôrforbruket.

Prøver av fôret

Det kan være lurt å ta prøver av fôret for å sjekke fôrkvaliteten og lage en fôringsplan etter det. Då kan ein i alle høve prøve å rasjonere det beste fôret til dyregrupper som treng det mest. Kraftfôr vil bli ein større kostnad, når ein ikkje har kvalitetsfôr, men nettopp derfor må ein sørge for å optimere fôrplanen ut frå tilgjengelege ressursar. Har ein for lite grovfôr totalt kan ein erstatta surfôr med ammoniakkbehandla halm.

Fritt etter artikkel av Arve Arstein, NLR Vest

Litteratur: Fôring av kviger og ammekyr gjennom året (Øystein Havrevoll, Nortura, 2013). Grovfôrbasert kjøtproduksjon på storfe (Øystein Havrevoll, Nortura, 2015)