Økomjølktrendar

20.12.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) , Josefa Andreassen Torp

I første halvdel av 2013 auka omsettinga av økologiske produkt sterkt i Noreg, og også mjølkeprodukta er på veg opp att etter ei periode med stagnasjon. Tine merkar den aukande interessa for økologi og arbeider med framtidas satsing på økologiske produkt, samtidig som set ned meirprisen.


Økomjølktrendar

I første halvdel av 2013 auka omsettinga av økologiske
produkt sterkt i Noreg, og også mjølkeprodukta er på veg opp att etter ei
periode med stagnasjon. Tine merkar den aukande interessa for økologi og
arbeider med framtidas satsing på økologiske produkt, samtidig som set ned
meirprisen.

 

Tine si økosatsing

Statistikken for omsett mengd økologisk mjølk i Norge sidan
2007 viser at totalmengda aukar sakte, men sikkert. I 2013 reknar Tine med at
dei får inn kring 54 millionar liter økologisk mjølk til meieri. Omsett mengd
er óg på veg opp etter nedgangen i 2009 og 2010, og ligg an til å nå 23 millionar
liter i 2013. Då blir utnyttingsgraden kring 43 % som er ei god auke, men langt
frå resultatet i 2007 då utnyttingsgraden var heile 72 %, men då var
totalmengda vesentleg lågare. Spørsmålet er likevel om fleire mjølkeprodusentar
vil legge om no som TINE Råvare reduserar meirprisen frå 75 øre per liter til
65 øre per liter. Dei grunngjev det med at ekstrakostnadane med å produsere
økologisk for bonden er under 65 øre per liter, og at Tine ikkje sel nok
økomjølk.

 

 Nærprodusert og spesielt

Det er aukande marknad for nærproduserte kvalitetsprodukt. I
Danmark har Coop velt å seie opp avtalen med Arla og i staden fått avtale med
heiløkologiske Thise meieri for ei rekke av sine produkt. I Norge er det bare
Coop som har økologisk mjølk produsert utanfor TINE. Dei sel ekstra lett mjølk
frå Rørosmeieriet i deira økologiserie Änglamark. Rørosmeieriet med sine
økologiske produkt har hatt stor vekst dei siste åra, blant anna tjukkmjølka
som fins i stadig fleire butikkar. Elles er det óg ein sterk auke i småskala og
nærproduserte mjølkeprodukt over heile landet. Kvalitetsprodukt frå ulike
distrikt er populære – nye, spennande produkt med god smak og lokale
spesialiteter bygd på tradisjonen i området. Dette er eit supplement til
volumproduksjonen hos Tine, og kan vere med å dra Tine i same lei.

 

Lov å snakke om sunn økomjølk

I følgje Oikos er det nå godkjent 222 lovlege måtar å bruke
helseargument på i marknadsføringa av mat i EU, og det store meieriselskapet
Arla held døra open for å bruke helseargument på sine økologiske produkt. Tine
skriv på si nettside under overskrifta: Økologisk melk og sunnhet –
«Miljøspørsmål og fokus på dyrevelferd er viktige årsaker til at mange ønsker å
kjøpe økologiske produkter. Økologisk melk er produsert etter spesielt strenge
miljømessige, ressursmessige og etiske krav. Men det finnes ikke klar
dokumentasjon på at den er sunnere enn annen melk.» Ein annan plass på nettsida
skriv dei: «Undersøkelser i flere land viser at økologisk melk skiller seg fra
konvensjonell melk ved at den økologiske melken inneholder mer CLA og mer omega
3-fettsyrer. Noen målinger viser også at økologisk melk kan ha et høyt innhold
av vitamin E. Forskjellene skyldes i hovedsak annerledes fôring, med mer beite
og større kløverandel i fôret til de økologiske kyrne.» Dei skriv mykje anna
motstridane og slett ikkje bare positivt om dei økologiske produkta dei sjølve
sel. Tine vil no ha ein full gjennomgang av hossen dei omtalar økologiske
mjølkeprodukt på eigne nettsider, slik at det blir meir samanheng. Dei vedgår
at det er ein vanskeleg balansegang, og ønsker ikkje å tale ned dei
konvensjonelle produkta sine som dei óg meiner er gode og sunne.

Ifølge Gerd Holmboe-Ottesen ved Universitetet i Oslo er
mengd antioksidantar 10–50 % høgare i økologiske varer, i tillegg til at
økologisk kjøtt, egg og mjølkeprodukt har et langt høgare innhald av omega 3
fettsyrar enn animalske produkt frå konvensjonell produksjon. Økomat inneheld
óg mindre rester av plantevernmiddel. Forbrukarane kan forvente produkt som er
så reine som det er muleg å produsere dei, og det er viktig å få fram.

 

inger.slagedal@lr.no


 

Kjelder:

www.tine.no

www.oikos.no

www.debio.no



 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.