Økosamdrift måtte gje seg

20.12.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) Josefa Andreassen Torp

For nokre få år tilbake var det 25 gardar som produserte økologisk mjølk på Agder. I dag er talet 16, ingen nye kjem til og fleire vurderer å slutte. Allereie i 2009 la den største produsenten, Lista Økosamdrift BA, kyrne tilbake til konvensjonell fôring, og sidan har fleire følgt etter.

Økosamdrift måtte gje seg

Inger Birkeland Slågedal | Norsk Landbruksrådgiving Agder

For nokre få år tilbake var det 25 gardar som produserte økologisk mjølk på Agder. I dag er talet 16, ingen nye kjem til ogfleire vurderer å slutte. Allereie i 2009 la den største produsenten, Lista Økosamdrift BA, kyrne tilbake til konvensjonell fôring, og sidan har fleire følgt etter.

So- kva skjer? Staten si målsetting om 15 % økologisk produksjon og forbruk innan 2020, og Tine sitt eige mål om 6 % økologiske mjølkeprodukt og 70 % utnytting stårfast, men likevel er interessa laber. Dette har fleire årsaker, og ei utfordring er at mest to tredjedelar av mjølka ikkje blir brukt til økologiske produkt, men det har óg vore andre vesentlege årsakar til nedgongen og det har gitt seg særleg negative utslag for dei som driv stort.

Kuttar øko

Lista Økosamdrift DA skifter i desse dagar namn til Lista Storfe DA, og med det er tilbakelegginga frå økologisk til konvensjonell drift fullført. Far Per Magne og son Per Eirik Jensen satsa i 2005 stort på økologisk mjølk då dei saman med naboen Olav Anda innvigde eit nytt samdriftsfjos med plass til 100 mjølkekyr og ei kvote på heile 850.000 liter sjølv om leveringstaket var750.000 liter. Per Magne Jensen var ein av pionérane på Agder med økologisk drift allereie på slutten av 1980-talet. Då den økologiske forsøksringen Fagro blei stifta hausten 1990 var han og kona Inger blant dei første medlemmane. I tillegg til mjølka produserte dei økologiske poteter og gulrøter som dei selde direkte frå garden, noko som var populært.

Dårleg kraftfôr

Problema starta då regelen om 100 % økologisk fôr blei gjeldande. Det slo raskt ut på lågare avdrått og redusert tilvekst på kvigekalvane i samdrifta.Kraftfôret blei rett og slett for dårleg og kvaliteten varierte mykje, spesielt proteininnhaldet var for lågt. Per Eirik fortel at dei tydeleg merka at avdråtten gjekk ned, frå 7600 liter til 6200 liter, sjølv om dei auka på med kraftfôr, og kvigene blei rett og slett for små ved kalvingstidspunkt. Dei hadde fôringsrådgjevarar frå Tine og Nortura på besøk, og fôrfolk frå Felleskjøpet, men problemet var at det ikkje blei produsert eit eige økologisk kalvekraftfôr og heller ikkje eit mjølkekraftfôr med nok protein for høgtytande kyr.

Per Magne søkte Debio om å få bruke konvensjonelt kalvefôr, men det fekk dei ikkje. Dette syntest dei strei mot dyreetiske prinsipp om eit best muleg dyrehald, og difor blei det kroken på døra for økologisk mjølk frå 1.januar 2009. Året etter kom ei nytt og betre og meir proteinrikt kraftfôr på marknaden, og dei heldt fortsatt mulegheitene opne for å legge tilbake til økologisk mjølk, men Tine ga tydelege signal om dei ikkje ville gje meirpris, og då var det uaktuelt. Per Eirik har ei kjensle av at økologisk stordrift ikkje heilt passar inn med det økologiske regelverket og haldningane både i Debio og iOikos.

Mista økokvota

Den dagen dei sa opp avtalen med Tine Sør om levering av økologiskmjølk, så forsvann 180.000 liter økokvote, inkludert 30.000 liter som blei delt ut i 1995. Sidan har dei kjøpt seg opp att til 730.000 liter som produserast på ca. 100 kyr. I dag har dei óg 20 ammekyr av rasen Limousine med oppdrett av slakteoksar. Jorda på garden var økologisk heilt fram til 1. januar 2013. Då var det økologiske arealtilskotet halvert, frå 50 kr per dekar til 25 kr per dekar. Debioavgifta hadde ein kostnad på 7 kr per dekar, so då kjende dei på at det vart lite att for å drive innanfor så strenge reglar med såpass mykje meirarbeid.

Stordriftsulemper

Per Eirik fortel at dei gjerne skulle fortsatt med økologisk drift, dei hadde mange gode erfaringar óg, men at det ikkje kunne gå slik stoda var. Dei økonomiske utslaga vart ekstra tydelege i ei så stor drift, ein slags stordriftsulempe, og når ein veit at berre litt over ein tredjedel av økomjølka på Agder vert brukt i økologiske mjølkeprodukt, så er det ikkje særleg inspirerande. No driv dei jorda litt økologisk, med mykje kløver og god utnytting av husdyrgjødsla for Per Eirik er fullt klar over kor viktig mikrolivet i jorda er. Dei er ikkje bitre eller kjenner seg lurt, og det er litt rart, men no er det nye utfordringar. Dei har velt å bruke noko kunstgjødsel og er spente på grasanalysane.

Handlar økologisk

Per Eirik fortel at han lærte mykje medan dei dreiv økologisk. Han røper også at familien er medvetne på å kjøpe økologisk mjølk og andre økovarer på butikken. «Vi veit jo kva det andre kan innehalde», seier han. På spørsmål om kva dei tenker om framtida og muleg økologisk produksjon, svarar han at det ikkje er noko tema no. Førebels er det heller ikkje muleg å få avtale om levering av økologisk mjølk med meirpris på Agder.

inger.slagedal@lr.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.