Hovudhensikta med samlinga var

  • kurs i årleg vurdering av økosystemprosessane på grasmark ved bruk av EOV
  • kurs i langtidsovervaking for forskarar og rådgivarar

Blant dei 20 deltakarane var fem bønder frå fem ulike NLR regionar samt rådgjevarar frå same region, Regenerativt Norge samt forskarar frå NIBIO og Norsøk i tillegg til arbeidsgruppa i prosjektet frå NLR Østafjells. Samlinga var også viktig med omsyn på å bli kjent, skape nettverk, utveksle erfaringar og diskutere løysningar på tvers av bakgrunn og arbeidsstad.

Den årlege vurdering består av femten parameterar som ved poengsum gjev informasjon om korleis dei fire økosystemprosessane vass-, mineral-, energikretslaupet og artssamspelet fungerer.

For gardbrukarane er EOV eit verktøy som både kan bli brukt til å måle tilstanden for eng og beite til bruk i beiteplanlegginga, og en del av ein sertifiseringsordning for regenerativ drift. Overvakinga gjev informasjon om drifta bevegar markene i regenerativ retning, og er styringsverktøy for drifta.

Som del av opplæring i langtidsovervaking gjennomførte NLR rådgjevarane og forskarane ein grunnlinjemåling på ein av gardane i prosjektet. Dette inneber ein meir omfattande undersøking i ein fastrute. Her blir den botanisk samansetnaden av enga og jordkarboninnhaldet kartlagt. Samstundes blir alt dokumentert på bilde, og ein undersøkjer dei same femten parameterar som ved årleg vurdering. Meir konkret snakkar vi om å registrere kor raskt gjødsla blir nedbroten, om det er teikn på vasserosjon, om jorda har danna skorpe, om det finst mose samstundes som vi registrerer artssamansetnaden i enga. Vi får mål på jordas evne til å gjere seg nedbør til nyte, og engas evne til å produsere biomassen.

Heile grunnlinjemålinga føregår på ein fastrute som er koordinatfesta. Heile undersøkinga skal gjentakast etter fem år. Resultatet herifrå gjev grunnlag for å seie noko om økosystemprosessane regenererer.

Les meir og sjå nokre korte filmsnudd frå kurset her!