Pussing verker berre på somme artar

Pussing av gjenlegg kan være aktuelt, men er mest effektivt mot ugras med høgt vekstpunkt og verker dårleg mot høymole, vassarve, linbendel og pengeurt.


Luking av høymole i rotlausveka

Høymoleplantene som veks opp frå rotbiter av gamle planter (store planter allereie i gjenleggsåret) vil ikkje bli borte med ugrassprøyting i gjenlegg og bør lukast! Luk medan problemet enda er overkommeleg. No er vi i «rolausveka» og da er rota lita og relativt lett å få med opp.

Velg middel i forhold til ugrasbestand

Sjå over gjenlegget når graset begynner å spire og vurder om sprøyting er nødvendig. Sprøyt helst når ugraset har 2-4 blad og kløveren har minst eitt trekoblet blad i tillegg til spadebladet. Valg av middel avheng av kva type ugras som dominerer. Er du usikker på koss ugras du har og/eller koss middel du skal bruke? Ta kontakt med din lokale rådgjevar i NLR og du vil få hjelp!

Vi anbefaler dessutan å ta denne quizen, laga av NLR Østafjells, for å sjekke om du kjenner (frø)ugrasartane når dei er på eit tidleg stadium!!

Ugrasquiz - små planter (office.com)