Kveke Foto Ole Arnfinn Roysland Fitjar
Kveka gir lite att i siloen, og kan vere ein fordel å bli kvitt. Foto: Ole Arnfinn Røysland

Korleis bekjempe kveka?

Brakking med glyfosat ein er vanleg metode. Men då kveka er tidleg til å avslutte veksten om hausten og sein på våren, kan det vere vanskeleg å treffe rett sprøytetidspunkt. Er det mykje kveke i enga, kan ein òg oppleve at sprøytinga ikkje tek fullstendig knekken på kveka.

Oppdeling av jordstenglane med pløying og harving er ein effektiv metode for å tømme næringslageret. Oppdelte jordstenglar vil skyte nye skot, men dei vil ha små næringsreservar, og derfor lettare bukke under ved ei ny sprøyting, eller ved gjenteken ugrasharving.

Dersom ein ser at det heng jordstenglar frå kveka på harva, er det eit godt tiltak å reinske harva etter at ein har køyrt ein runde for å unngå at desse etablerer seg i enga.

Då kveka er lyselskande, men treg om våren, er det beste tiltaket å sørge for at kulturgraset trivest. Ved å kalke til pH 6,0-6,5, balansert og god gjødsling samt ein god jordstruktur ligg forholda til rette for at kulturgraset har optimale forhold. Eit tett grasdekke som ikkje slepp lyset ned på kvekespirene, vil kvele kveka, og tømme jordstenglane for energi. Kveka er heller ikkje glad i intensiv drift med mange slåttar. Dermed vil raigras vere eit godt alternativ for å utkonkurrere kveka.

Eit spennande regime for å utsvolte kveka, er å bruke eitt- og toårig raigras. Dette er det mest aggressive graset me dyrkar, og har gode føresetnader for å knekke kveka. Dette både ved å hindre lystilgang, og ved at eitt- og toårig raigras som oftast fører til 3-5 slåttar i Rogaland, noko kveka på ingen måte liker. To år med desse grasartane vil i dei fleste tilfella kvele det som måtte vere av kveke like effektivt som glyfosat.

Døme på eit regime med eitt- og toårig raigras:

Dette er den andre av to artiklar om kveke i eng. Den fyrste omhandler veksemåte, preferanser og kjenneteikn på kveka.

Kveke i eng - Del 1: Kjenneteikn og veksemåte