Gjødsling og gjødslingstidspunkt

Mangel på næringsstoff er med på å gi svakare planter. Pass derfor på at du igjennom sesongen ikkje undergjødslar på viktige næringsstoff som fosfor og kalium. For mange vil mengda husdyrgjødsel gi god dekning, og på gardar med dårlegare tilgang på husdyrgjødsel er kunsten å kompensera med rett type Fullgjødsel.

I andre enden er næringsstoffet nitrogen, her vil sterk N-gjødsling føra til stimulering av vekst framfor klargjering for vinter. Og her er husdyrgjødsel seint i vekstsesongen farleg, denne frigjer gjerne ein del nitrogen utover hausten. Prioriter derfor mest mogleg husdyrgjødsel tidlegare i sesong, og bruk moderate mengder nitrogen på sistegjødslinga, seinast innan midten av august

Legg igjen ei nistepakke

Ikkje ta sisteslåtten for seint. Med mildt kystklima og raigras vil dette seie innan utgangen av september. Inn i landet og med ei normal timoteiblanding noko før. Men minst like viktig er det å ha fokus på stubbhøgde. Jo seinare hausting, jo høgare stubb. Gjerne 10-12 cm stubb ved sein slått. Kanskje fleire burde stubba sisteslåtten annleis enn den legdeutsette 1.slåttten?

Forutan å gi auka risiko for jord og skit gir låg stubbing på hausten har fleire ulemper. Stubben er nistepakka til graset, ikkje fer med den! I tillegg vil kortklipt gras ofte enda med kveling dei plassane stubben ikkje står over isen og vatnet.

20180905 140017
Stubben er nistepakka til graset, ikkje fer med den!

Fornuftig haustbeiting

Haustbeiting har store fordelar, det gir forlenga beitesesong og kjærkommen sluttfôring for å få slaktemodne lam. Men det er samtidig ei krevjande øving i driftsleiing. For vegen er kort frå passe grøn stubb til opptrakka eller snaubeitt gras.

Her gjeld same regel som ved maskinhausting, jo seinare beiting jo høgare stubb. Og om ein vel å ha dyra ute lenge, spar den nye enga og tilleggsfôr heller mens dei går på enga som nærmar seg fornying. Og er du sauebonde som treng vårbeite? Minn deg sjølv på at beiter der dyra vert tatt av i rett tid, gir gode og tidlege vårbeite!


Artikkelen sto først på trykk i Bondevennen 27 - 16. sept 2022