Grovfôr 2020 avdekkja at grovfôr ikkje er dyrare enn kraftfôr, med mindre ein har høge grovfôrkostnadar. På generell basis kjem dette av lite planlegging og oversikt. Mange måler avling i tal på rundballar eller lass, men fortørking kan varierer mykje mellom både skifte og slått. Tørrstoffinnhald varierer, og dermed mengde fôr. Difor er det lurt å starte med å vite kva tørrstoffinnhaldet ligg på før ein startar haustinga.

Oppskrift på tørrstoffinnhald

Når ein skal finne tørrstoffinnhald er det viktig å hugse at skuggeparti langs jordekanten og blaute område kan tørke seinare enn resten av skiftet.

  • Vri-test: Klarer du å vri ein dråpe ut av graset er TS under 25 %.
  • Steikeomn:
    1. Tak gras som er representativ for det som ligg på bakken – eksempelvis eit tverrsnitt av grasstrengen.
    2. Veg opp 100 gram gras og klipp det i bitar på 2-3 cm.
    3. Sett steikeomnen på 130°C.
    4. Legg graset på eit brett i omnen i 30 minutt.
    5. Veg på nytt. Vekt av tørka gras i gram = tørrstoffprosent.
  • Mikrobølgjeomn:
    1. Likt som over.
    2. Likt som over.
    3. Tørk på maks effekt i 3 minutt.
    4. Veg graset og noter ned vekt.
    5. Gjenta steg 3 og 4 til det ikkje er vekttap mellom kvar gong. Sett inn eit glas med vatn mot slutten, for å unngå at graset tek fyr.

Hjelp med prøvetaking og fôrplan

Både overfôring og underfôring er dårleg økonomi i storfe- og småfehald. Kunnskap om grovfôret si næringsmessige og hygieniske kvalitet er viktig for fôropptaket, medan energi-, fiber- og protein-innhald er viktig grunnlaget for ein god fôrplan, samt val av kraftfôr.

NLR Agder kan hjelpe deg med uttak av fôrprøvar. Me nytter fôrprøvebor, som gjer det enklare å take ut materiale frå fleire rundballar eller lag i silo. Du kan også gjere det sjølv ved å take to-tre never frå opna ballar og leggje i ein samlepose i frysar, fram til du har fått samla det du vil ha med. Hugs å take ut ei god mengde og bland godt før innsending. Du får også ei tolking av analysen gjennom Surfôrtolken, og du kan få hjelp til å sette opp ein fôrplan.

Surfôret er vanlegvis ferdig gjæra 4-6 veker etter pakking og 5-6 veker etter legging i silo, litt avhengig av temperatur. Sisteslåtten er mest utsett for kaldare vêr og sein gjæring. Det viktigaste er at ein er sikker fôret er ferdiggjæra før ein tek ut prøve. Eit godt utgangspunkt for god disponering av grovfôret, er uttak av representative prøver. Kvaliteten er i praksis aldri lik mellom slåttane, sjølv på eit og same skifte. Når ein tek samleprøver, bør det difor vere av gras med lik bakgrunn. Har ein mange ulike parti med rundballar, er det lurt å prioritere dei store partia du kjenner artsblanding og gjødsling godt. Da har du også eit bra utgangspunkt om du treng mineralanalyse, eksempelvis for å avsløre årsaker til problem i fjoset eller om du gjødslar riktig i form av avlingsnivå og type gjødsel.

Smart med prøve av husdyrgjødsla

Likeins med at innhaldet i graset varierer ut frå kva ein har tilført enga, varierer innhaldet i husdyrgjødsla. Nyare undersøkingar viser at gamle normtal ofte ikkje stemmer. Husdyrgjødsla må spreiast kvert år, og for god utnytting er det nødvendig å take ei prøve av den. Me anbefaler du tek ny prøve ved endringar i dyreslag/-samansetjing, fôrmiddel, mengde strø, vassinnblanding og lagringsmåte, som alle påverkar nærings- og tørrstoffinnhald. Ved å take ut prøver fleire år får ein kartlagt basisverdiar, og kor mykje innhaldet varierer.

Prøve takast ved utkøyring, enten fleire stadar i kum/kjellar, eller på fleire lass. Bruk ei bøtte med lokk, og sett den i skuggen om uttaket gjeng over ein time. Bland innhaldet godt og hell det over i einliters analyseflaske du kan hente på nærmaste NLR Agder-kontor. Merk flaske med namn og adresse og legg i frysen så raskt som mogeleg. Legg inn fryst prøve i plastpose og isoler med avispapir rundt. Send prøva på ein måndag, så den ikkje tiner innan den skal analyserast.