Utsjånad:

Ein vaksen kvekeplante er 50-120 cm høg. Stivt og snautt strå, med snaue leddknutar. Blada er mørkegrøne, flate og lange. Bladplata er samanrulla i skotet. På avstand er det ikkje lett å skilje kveke frå andre grasartar. Den nedre delen av stengelen og unge bladslirer har ofte stive hår. Slirehinna er på 1 mm, eller manglar. Bladøyra er spisse og sluttar seg rundt stengelen.

Levevis:

Fleirårig gras som dannar tette bestandar og mange lysskot. Føretrekkjer lett moldrik eller sandhaldig jord, men veks på dei fleste jordartar både på dyrka og udyrka mark i heile landet, med unntak av flygesand og lite omsett mosemyr.
Graset formeirar seg i hovudsak med krypande jordstenglar (vegetativ formeiring), men også med frø. Jordstenglane er seige, sterkt greina og ligg rundt 1- 10 cm horisontalt under jorda. Danning av lysskot frå maksimalt 15 cm. Etter blomstring i juni- september produserer kveke rundt 50 frø per aks, og maksimal spiredjupne er 7 cm.

Tiltak mot kveke:

Ved 3-4-bladstadiet byrjar frøplanten å utvikle både overjordiske sideskot og underjordiske utlauparar. Næringsreservane i rota er då på eit minimum, og fotosyntesen produserer ikkje meir energi enn det planten brukar til vekst (kompensasjonspunktet). Gjentakande jordarbeiding på dette tidspunktet vil kunne gje god effekt: Kvar gong ein deler opp utlauparane, må planten bruke opplagsnæring lagra i røtene. Oppkutting ved harving, etterfølgt av djup pløying, forstyrrar planten og kan ta knekken på den. Lengda på jordstenglane, og kor djupt dei ligg i jorda, har stor betyding for resultatet av bekjempinga. Eit anna alternativ er utnytting av konkurransesterke artar, og mellomår med raigras kan ha god effekt. Allsidige frøblandingar har ofte betre effekt enn få artar. I eng konkurrerer hundegras og bladfaks best. Kortvarige omlaup held kveke betre nede, men kveke i attlegg ei utfordring.

Kjelder:

Kveke1
Kveke - Bayer CropScience Norge; Sara Mørk/ Korsmo
Korsmo nr 132 det B leks
Kveke - Bayer CropScience Norge; Sara Mørk/ Korsmo